Mange nordmenn har nok, som meg, fått eit spesielt forhold til denne songen i det siste. Likevel, då eg såg den teiknspråktolka fekk den ein ny dimensjon.
Vakkert!
Når ein har gløymd brukarnamn og passord til bloggen sin, så er det kanskje eit teikn på at det er lenge sidan sist. Men her er eg altså, tre og ein halv månad eldre enn sist eg blogga, men ganske mykje den same vil eg tru. Kva er verd å nemne frå sumaren?
Største tidsfordriv:
Jobb, jobb og litt meire jobb
Største skuff:
Regnet og dei lave temperaturene (til og med på Mallorca den siste veka)
Finaste folk:
divisi
Finaste fjelltur:
Gullfjellet
Største personlege bragd:
Gjennomføre Osterøytrimmen og bli ferdig før dei andre i familien
Mest slitsomt:
Vere på leilighetsjakt
Største velsignelse:
Finne billig leilighet i sentrum
No er eg klar for å ta fatt på hausten og gledar meg til alt som ventar!
Kvardagen har starta igjen, etter ein lang, herleg ferie heime. Etter at hostinga og harkinga eg skreiv om i forrige innlegg avtok, kunne eg nyte påska fullt ut. Her er eit knippe av det eg har opplevd:
- Spela Settlers og masse Maxi Yatzy
- Jobba
- Fått tid til masse kos med pus

- Hatt besøk av ei herleg trønderjente
- Eg og Vibeke sang masse heile påsken (og ho spelte piano og gitar til)

- Sola meg i over 20 varmegrader
- Jobba ute med mamma – flytta greiner ein heil dag

- Jogga
- Gått fine turar til fine stader

- Vore på leiteaksjon etter forsvunnen mobil saman med Karina. Me fann den i ei brakebusk, nesten heilt på toppen av Stongfjellet. Håpar mamma passar betre på å lukke lommene neste gong.
- Så har me vore på møteveke på Hjellvik og hørt det viktige og fantastiske påskebudskapet.
For i dåpen ble dere begravet med ham, og i den ble dere også reist opp med ham, ved troen på Guds kraft, han som reiste Kristus opp fra de døde. Dere var døde på grunn av misgjerningene og deres uomskårne kjøtt og blod. Men han gjorde dere levende sammen med Kristus da han tilga oss alle våre misgjerninger. Gjeldsbrevet mot oss slettet han, det som var skrevet med lovbud; han tok det bort fra oss da han naglet det til korset. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og stilte dem fram til spott og spe da han viste seg som deres seierherre på korset.
Kol 2:12-15
Det er snart påske – ferien har i alle fall begynt. For min del begynner ferien med host og hark og tette bihuler, men det skal ikkje få legge dempar på påskefeiringa. Det positive med å vere sjuk er at eg har veldig god tid. Så i dag har eg laga påskespeleliste på Spotify – full av songar som handlar om den viktigaste bodskapen i verda: Jesus som døyr for våre synder.
Eg vil gjerne dele ein påskesong med dykk i dag, skriven av Haldis Reigstad:
Folket ropa: Krossfest.
Barrabas gjekk fri.
Våre synder, Herre,
knuste sjela di.
Du vart dømd til døden,
du, som skuldlaus var.
Inn i mørket gjekk du
skild frå Gud din Far.
Satans englar slo deg,
spotta deg og lo.
Mellom falske vitne
du åleine sto.
Kruna som dei gav deg
reiv di panne sund.
Ingen kunne hjelpa
deg i denne stund.
Audmjuk, full av kjærleik
bar du synda vår.
Lik eit lam dei slaktar
du mot døden går.
Vi fôr vilt som sauer,
vi fôr kvar vår veg.
Gud la i sin nåde
børa vår på deg.
Jord og himmel jublar,
vi vil jubla med.
For di kongetruna
vil vi bøya kne.
Nøklane til livet
tok du i di hand
då du gjennom døden
evig siger vann.
No skal du få vere barn og ikkje tenar
No kan du vere liten, ikkje stor
Ingen spør deg kva du syns og kva du menar
Det e’kje du som skal forsvare mitt ord
No skal du få sleppe hendene langs sida
Du må’kje tru at du skal bere meg
Som om eg må holdast oppe heile tida
Ikkje gløym at det er eg som bere deg
No skal du få vere svak, legg bort din styrke
Eg lever fortsatt, sjølv når du er død
Det er faren når mitt ord har blitt ditt yrke:
Du tenker mest på alle andre du skal fø
No skal du få lov å lytte, ikkje tale
No kan du ta imot, og ikkje gje
Du kan gråte ut for alt som har gått gale
Eg vil holde deg og gje deg av min fred
Eg ropar igjen, har prøvd så mange gongar:
Eg elskar deg, mitt barn, eg ELSKAR deg
Du er ikkje uunnværlig som min tenar
Men som barnet mitt er du umisteleg.
(Sølvi Helen Hopland)
Denne veka er det møteveke på nettsida iTro. Det har vorte lagt ut ein andakt, eit bibelvers og ein lovsong kvar kveld. Siste del av møteveka kjem i kveld kl 19.30.
Andaktane er heller ikkje lange (ca 4 min. kvar). Du har tid til det, når du tar deg tid til å lese bloggar, har du ikkje?
Her er andaktane:
Hvorfor kristen?
Hvem er jeg som kristen?
Hva betyr det å leve som kristen?
Hva vil Gud jeg skal gjøre?
Eg kan ikkje hugse sist eg vakna, såg ut på sol frå skyfri himmel og tenkte: “I dag MÅ eg på tur”. I dag var ein slik dag, og turen gjekk til Fløyen. Det er så godt når bergensvéret tar ein pause frå sine klarer-ikkje-bestemme-seg-for-snø-regn-hagl-storm-periodar, og ein igjen får eit håp om at våren vil kome. Dagen i dag har i alle fall vore fantastisk nydeleg, berre sjå:
Etter lang bloggtørke skulle eksponeringsbehovet endeleg melde seg – klokka halv tre om natta. Eg starta nemleg dagen med kaffi og heimelaga rundstykker. Sidan eg hadde god tid, laga eg mykje kaffi og tok med på termos på skulen. Og som om ikkje det var nok for ein dag, laga eg ei kanne kaffi då eg hadde besøk i kveld. Om eg er vaken? Ja.
I dag har eg innsett ein viktig ting – eg treng ein jobb. Det har vore herleg med nokon månadar med fleire ledige helger enn eg hadde i løpet av heile fjoråret, men kontoen min har det ikkje så bra. For å seie det slik: Eg har aldri vore gladare for å få ein 200-lapp av farfar enn kva eg blei i helga. Difor ser eg jo at ei lita inntekt hadde gjort godt (til mamma si glede vil eg tru).
Eg var inne på tanken å prøve å bli rik på bloggen.. Skrive om kleda eg går med, sminken eg ikkje brukar, og legge ut femten bilete av meg sjølv i kvart innlegg. Tenk at ein kan tene hundretusenvis på slikt, berre ein har nok lesarar.
Eg slo det frå meg ganske fort.
Uansett kor viktig det er med juleevangeliet er det vel kanskje på tide med eit nytt innlegg her. Første månad i det nye året har for min del vore travel, men god. Det er bra med møter og synging og leir og divisi-samling, men eg kjenner det er godt februar ikkje er like smekkfull av planar. Det kan jo bli for mykje av det gode.
Eg kom over ein musikkvideo som eg gjerne vil dele. Ikkje den sjangeren eg oftast høyrer på, men teksten var så fin.
Uansett hvem du er, uansett hva du har gjort, om du ikke får det til, bare kom og hvil, det er nåde nok for deg. Før du så dagens lys, tok ditt første skritt, var du kjent av meg, jeg har en plan med deg, du er elsket av meg.